I møtet i Hovudutval for kultur, idrett og integrering den 25. mars løyvde Vestland fylkeskommune tilskot til bl.a. DS Stord I med kr. 200.000 og MS Granvin med kr. 1.800.000 for 2021. MS Granvin ligg for tida ved Dåfjorden slipp AS i Fitjar for plateskift, medan DS Stord I ligg ved ved Holbergskaien i Bergen der det føregår vanleg vedlikehald. Fullstendig oversyn over fartøy som fekk tildeling for 2021 og tilsagn for 2022, finn du her ;https://innsyn.vlfk.no/Innsyn/DmbHandling/ShowDmbHandlingDocument?dmbId=5284&caseType=CasesFremlegg®istryEntryId=380539&sourceDatabase=