Søndag 14. februar fekk me den triste meldinga at Geir Skaret døydde brått i heimen.
Geir vart fødd 4. juni 1947 i Sagvåg på Stord. Utdanninga starta han på Yrkesskulen i Sauda på vidaregåande. I 1973 reiste han til Trondheim og gjekk på NTNU og vart sivilingeniør, tok hovedfag i mekanisk teknologi / metallurgi og sveiseteknikk.
Geir fekk jobb hjå Elf Aquitaine Norge og var i selskapet i 16 år. I Nordsjøen og i land hadde han tilsyn og oppfølging av byggeoppdrag for ELF både i Norge og i utland. Seinare vart Geir prosjektleiar på Leirvik Sveis.
1986 tok Geir kystskippareksamen og jobba et par år som slepebåtførar hjå Sjøentreprenøren NCC. I 1987 gjekk han til innkjøp av ei frakteskute som han dreiv i mange år. Dei siste 14 åra før Geir pensjonerte seg var han i Kystverket Haugesund til han gjekk av med pensjon i 2015.
I 2011 vart han medlem i Veteranskipslaget Fjordabåten og også styremedlem i laget, og etter kvart skipper på MS Granvin. Han var skipper og mannskap om bord heilt til han så uventa gjekk bort. I Veteranskipslaget var han høgt verdsatt med sine solide kunnskapar om sjømannskap og regelverk.
Hans lune humor og veremåte gjorde at me som var så heldige å vera sammen med Geir som mannskap ombord på MS Granvin vil føla saknet at han no er borte. Geir hadde også passasjerane i fokus både med omsorg og sikkerheit.
Ein heidersmann er gått bort og saknet etter Geir vert stort. Våre varmaste tankar går til dotter hans Ingelin og sambuar Gunn.
Fred over ditt minne.
Kåre Kvalvik
Veteranskipslaget Fjordabåten